BESØKSADRESSE

Knarvik Senter

Kvernhushaugane 4

5914 Isdalstø

TELEFONNUMMER

56 35 05 93

ÅPNINGSTIDER

Mandag - fredag: 10 – 18

Lørdag: 10 - 16

Velkommen til Garn og Broderi

Garn & Broderi er ein spesialbutikk i Knarvik Senter for garn til strikking og broderiutstyr. Me ligg plassert rett ved inngang 4 – i lyse, opne lokale. Me tilbyr eit stort utval i strikkegarn frå alle dei store leverandørane i Norge, me er totalforhandlar av Sandnes og Dale, i tillegg til eit rikt utval av strikkegarn frå Du Store Alpakka, Rauma, PT-garn og Cewec.


Me ynskjer å tilby god service til kundane våre, treng du hjelp til ei oppskrift eller lurar på kva kvalitet du skal velja i det neste prosjektet ditt er me klare til å hjelpa deg vidare.


Å driva med handarbeid gjer ro i sjela, men utan godt verktøy i nevane vert det fort kluss – me har strikkepinnar i alle størrelsar og fleire kvalitetar som gir deg godfølelsen. Nåler, sakser og anna broderi- og strikketilbehør har me også eit godt utval av.


Du er alltid velkomen innom butikken til oss!


Kontakt oss

Her finner du oss: